Av: Grete Slagstad
Eg var på møte i Førde med Remy André 16 og 17 januar 2026.
På lørdag kveld sat eg bakerst i lokalet då Remy Andre midt i talen seier at det kanskje er mennesker her inne som er blitt utsatt for seksuelle overgrep. I same augeblikk knekk eg saman med hode mellom knærne og hendene for ansiktet og hulkegråtar. Venninna mi trur eg er i forbønn for nokon, men eg seier at dette gjeld meg.
Då det er tid for forbønn så spør Remy meg kva det gjelde. Eg seier korleis eg reagerte då han nevnte seksuelle overgrep og at eg hadde trudd eg var ferdig med dette. Remy seier «du har lagt lokk på smerten». Då han starter å be begynner eg å hyle ut all smerte i nærmare en halv time mens Remy André og andre bad for meg. Då eg reiste meg følte eg meg letta og glad, - og ikkje noko forlegen over alt bråket eg hadde laga.
På gulvet låg det att en svær dam av tårer. Men det mest rare er at eg hadde ikkje vore i kontakt med den enorme smerta som eg hadde hatt på innsida i mange mange år. Men i dagane som har gått etter befrielsen så kjenner eg på en ny frihet. Noko er forløst, det er frigjort meir plass til Herren. Alle ære til Gud og stor takk til deg Remy André som virkar med stor kraft til det som Herren har kalt deg til.